DS «Teutan» (kallesignal MLHG) var eit dampskip bygt i 1896 som lasteskip for Mersey Steam Ship Co. i Liverpool. I 1900 vart skipet svensk og fekk namnet «Dania», før det i 1915 vart kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og fekk namnet «Algol». I 1917 vart det skoten i senk av ein tysk ubåt i Nordsjøen.
Historie
Skipet vart bygt ved J. Scott & Co. i Kinghorn i Skottland og vart levert i 1896 til Mersey Steam Ship Co. i Liverpool. Alt året etter vart det selt til General Steam Nav. Co. i London. I juli 1900 kjøpte Fornyade Ångfartygs skipet og det vart omdøypt DS «Dania».[1][2]
I mai 1915 kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab skipet for 331 976 kroner. Den 10. mars 1917 var skipet på reise over Nordsjøen frå Newcastle til Bergen med kol då det vart søkkt av den tyske ubåten «U 81», ført av oberstløytnant Raimund Weisbach. Heile besetninga på 18 personar omkom. Korleis dette gjekk føre seg er ukjend.[1]
Skipet
Tonnasjen til skipet var ved levering 988 brt, 498 nrt og lasteevna var 1748 dødvekttonn.
Volumet i lasterommet var 2 506 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Richardsons, Westgarth & Co i Middlesborough. Dette gav ei yting på 700 iHk (indikerte hestekrefter) og 700 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop knop.[1]
Sjå òg
Kjelder
|
---|
1852-1900 | |
---|
1900-1925 | |
---|
1926-1950 | |
---|
1951-1975 | |
---|
1976-1987 | |
---|
Delvis eigde fartøy | |
---|