County Kerry (irsk Contae Chiarraí eller berre Ciarraí )[ 1] er eit grevskap i Republikken Irland sørvest på Irland i provinsen Munster .
County Kerry grensar til Limerick i vest, Cork i aust og i sør, og Atlanterhavet i vest og i nord. Shannon-estuaret ligg mellom Kerry og Clare i nordaust.
Administrasjonsbyen er Tralee . Det vart formelt oppretta som grevskap i 1606 då det gamle grevskapet Desmond vart delt i grevskapa Cork og Kerry.
Killarney nasjonalpark med Killarneysjøane og Dinglehalvøya er ein del av grevskapet. Han er kalla opp etter byen Killarney . Spissen på Dinglehalvøya er det vestlegaste punktet på det irske fastlandet. Dei høgaste fjella på Irland, Macgillycuddy's Reeks ligg òg i Kerry.
Kystlinja har ei rekkje halvøyar og store bukter, den største halvøya er Iveragh . Ring of Kerry er ei særs populær turistrute gjennom dette landskapet. Det finst ei rute for bil- og sykkeltrafikk, og ei for fotturistar som ligg høgare oppe i landskapet og følgjer eldgamle vegar.
Fleire øyar utanfor kysten høyrer til grevskapet, inkludert Blasketøyane og Skelligøyane . Skellig Michael , med sine einebuarhytter frå mellomalderen , er ein verdensarvstad .
Byar og landsbyar i County Kerry
Irske stadnamn står i parentes
Kjelder
↑ «Ciarraí» . Placenames Database of Ireland – logainm.ie. Henta 21. november 2024 .
Bakgrunnsstoff