Dei største byane er Galway i sør og Sligo i nord. Han har like over 540 000 innbyggjarar og er det minste av dei fire provinsane.
Provinsen har fleire Gaeltacht-området, der irsk språk er utbreidd, vest i Mayo og Galway.
Det høgaste punktet i Connacht er Mweelrea på 814 meter over havet i Mayo. Den største øya er Achill, som òg er den største av alle øyane utanfor Irland. Den største innsjøen er Lough Corrib.
Fram til tidleg historisk tid vart området kalla Cóiced Ol nEchmacht. Connacht var eit kongedøme i mellomalderen og kongar vart offisielt innsett fram til seint på 1600-talet. Den herskande O'Conor Don-familien har overlevd fram til i dag.