Carapace Nunatak er ein markant isolert nunatak, den vestlegaste nær toppen av Mackaybreen, som ligg 8 nautiske mil sørvest for Mount Brooke der han er synleg over lang avstand frå mange retningar. Han fekk dette namnet av gruppa frå New Zealand under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition (1956–58) på grunn av ryggskjold (carapace på engelsk) av små krepsdyr som ein fann i fjellet.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Carapace Nunatak» (innhald frå Geographic Names Information System).