Cape Vostok er eit klipperikt nes heilt vest i Havre Mountains og nordvest på Aleksanderøya i Antarktis. Det vart oppdaga av den første russiske Antarktisekspedisjonen i 1821 leia av Fabian Gottlieb von Bellingshausen og Mikhail Lazarev. Det vart kartlagd i detalj frå flyfoto teken av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947–48, og sidan av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Neset vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee etter sluppen «Vostok», kommandert av Bellingshausen. Namnet tyder «aust», sjølv om neset ligg vest på øya.[1]
Sjå òg
Kjelder
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Vostok» (innhald frå Geographic Names Information System).