Cape Roget er eit bratt nes på sørenden av Adare Peninsula, på nordsida av innløpet til Moubray Bay langs austkysten av Victoria Land. Det vart oppdaga av kaptein James Ross, 1841, som namngav det etter Peter Mark Roget, ein kjend engelsk ordbokforfattar som var sekretær i Royal Society. Det finst ein keisarpingvinkoloni på neset.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Roget» (innhald frå Geographic Names Information System).