Cape Murray er eit stort sett isdekt nes ved nordsida av munningen av Carlyonbreen, på vestsida av Rossisen. Det vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen (1901-04) og kalla opp etter George R.M. Murray, som ei tid var vitskapleg leiar for ekspedisjonen, og som hadde vore med Discovery så langt som til Cape Town.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Murray» (innhald frå Geographic Names Information System).