Brimstone Peak er eit kjenneleg fjell oppom neset mellom Venus Bay og Emerald Bay, på nordkysten av King George Island i Sør-Shetlandsøyane. Fjellet hadde opphavleg namnet North Foreland på eit kart av den britiske selfangstkapteinen George Powell i 1822, men namnet har sidan vorte nytta om det nordaustlege neset på King George Island i staden. Namnet «Brimstone» vart nytta i 1937 av mannskap på RRS «Discovery II» under Discovery Investigations på grunn av den gule svovelfargen til fjellet.
Kjelder