- Borisoglebsk er òg eit tidlegare namn på Daugavpils i Latvia
Borisoglebsk (russisk Борисогле́бск) er ein by i Voronezj oblast i Russland med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Vorona, nær munningen i Khopjor, rundt 200 km aust for Voronezj.
Borisoglebsk vart grunnlagt i 1698 og er kalla opp etter dei to russiske helgenane Boris og Gleb. Staden fekk bystatus i 1779.
Borisoglebsk flybase ligg 6 km aust for byen.
Kjende personar frå Borisoglebsk