Bandet og debutalbumet fekk mykje omtale, og då det kom ut toppa det listene i både USA, Storbritannia og Canada. I tillegg publiserte Rolling Stone tre meldingar av albumet i september-utgåva av magasinet i 1969, skriven av Ed Leimbacher, Lester Bangs og John Morthland.
Dei byrja på songane tidleg i 1969, og i februar og mars var bandet i London ved Morgan Studios, og førebudde innspelinga av albumet. Dei første, nesten ferdige songane dukka først opp då dei var i Olympic Studios i april og mai, med Jimmy Miller som produsent. Musikkmiljøet var alt klar over samanhengen, trass i at Clapton hevda at han berre laga eit soloalbum der Winwood skulle spele. Rockepressa kjøpte derimot ikkje dette og visste at Baker var involvert i tillegg.
Innspelinga av albumet vart avbroten av ein turne i Skandinavia, så ein turne i USA frå 11. juli til 24. august, støtta av Free, Taste og Delaney & Bonnie and Friends. Sjølv om albumet nådde toppen av listene, vart det spelt inn i all hast og side to inneheldt berre to songar, mellom anna den 15 minuttar lange «Do What You Like». Likevel klarte bandet å produsere to klassiske hittar, Winwood sin «Can't Find My Way Home» og Clapton sin «Presence of the Lord».
Ei utvida utgåve av albumet kom ut i 2001 med bonuspor av songar og jammar som ikkje tidlegare var gjevne ut. To konsertopptak frå Hyde Park-konserten, «Sleeping In The Ground» av Sam Myers og Rolling Stones-songen «Under My Thumb» finst òg på Winwood-samlinga The Finer Things.
Plateomslaget
Utgjevinga skapte kontroversar, fordi plateomslaget synte bilete av ei topplaus pre-pubertal jente, som held eit modellfly i hendene, som enkelte såg på som eit fallossymbol.[4][5] Det amerikanske plateselskapet gav ut albumet med eit alternativ omslag (eit bilete av bandet).
↑Doggett, Peter (2008). There's a Riot Going On: Revolutionaries, Rock Stars, and the Rise and Fall of the '60s. Canongate. s. 280–281. ISBN1847671802.
↑Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN0-646-11917-6. Note: This reference gives Australian albums and singles information. It is used for chart peak positions as early materials were released before ARIA regulated the Australian charts itself (1989).
↑«InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste». Institut français d'opinion publique (på fransk). InfoDisc.fr. Arkivert frå originalen 7. november 2011. Henta 16. juni 2018. Note: Select «BLIND FAITH», then press «OK» to see selected charting positions.
↑ 16,016,1«LISTAS DE AFYVE: 1992 Albumes (1ª parte)» (på spansk). Arkivert frå originalen 16. juni 2018. Henta 29. august 2015.. Henta 16. juni 2018. Note: Search for Spanish album versions only to see the charting positions and selected certification awards.
↑«Tots Vijest». Hrvatska Diskografska Udruga (på kroatisk). hdu-toplista.com. Henta 16. juni 2018.
↑Macao Music Sales (2001–2009). Record Sales. Henta 8. februar 2015. (Former link: recordsales.2xik.com/The-first-blog-b1/Macao-Music-Sales-2001-2009-b1-p1.htm).
↑Van Dijk, Daan (6. oktober 1969). «Nieuwe groep Eric Clapton is zeer succesvol» [Eric Clapton's new band is very successful]. De Telegraaf (på nederlandsk) (Amsterdam: Telegraaf Media Groep).
↑H., Marit (6. oktober 1969). «Nordmenn har blind tro». Dagbladet (på norsk) (Havnelageret: Venstre).
↑See BPI Certifications list on UKMIX.org for reference. Henta 16. juni 2018.