Joseph Benson Mauldin jr. (8. juli1940–7. februar2015)[1][2] var ein USA-amerikansk bassist, låtskrivar og lydteknikar som var mest kjend som bassist i den tidlege rock and roll-gruppa The Crickets. Mauldin spelte opphavleg kontrabass, men byta seinare til ein Fender Precision-bassgitar. Etter fleire år med The Crickets, vart han lydteknikar i Gold Star Studios, eit studio i Los Angeles som vart ein «hit-fabrikk» for Phil Spector, Brian Wilson og fleire andre rockestjerner i 1960-åra.