Berlioz Point er eit snødekt nes på sørsida av Beethoven Peninsula på Aleksanderøya heilt nordvest i bukta som er dekt av Bach isbrem. Den sørlege delen av Aleksanderøya vart først grovt kartlagd av U.S. Antarctic Service i 1940, men dette neset var ikkje klårt definert. Det vart kartlagd frå flyfoto tekne av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, 1947–48, av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960 og vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee etter den franske komponisten Hector Berlioz.
Sjå òg
Kjelder