Bell Point er eit klipperikt nes som ligg 6 nautiske mil sørvest for Stigant Point nær vestenden av King George Island i Sør-Shetlandsøyane. Det vart kartlagd og kalla «Rocky Point» av mannskapet på Discovery Investigations ombord på RRS «Discovery II» i 1935, men for å unngå forveksling med andre stader, vart namnet avvist av UK Antarctic Place-Names Committee i 1960 og erstatta med det nye. Bell Point er kalla opp etter Dennis R. Bell (1934–59) som var meteorologassistent i Falkland Islands Dependencies Survey ved Admiralty Bay frå 1958 til 26. juli 1959, då han mista livet i ein bresprekk.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Bell Point» (innhald frå Geographic Names Information System).