Beau Brummels '66 er det tredje studioalbumet til det amerikanskerockebandetThe Beau Brummels, og det første dei gav ut på Warner Bros. Records, utgjeve i 1966. Albumet består av tolv coverversjonar og ingen originalar. Autumn Records, som var det førre selskapet deira, hadde selt kontrakten til bandet til Warner Brothers tidleg i 1966.[2]
Warner Brothers kontrollerte derimot ikkje publiseringsrettane og fekk derfor bandet til å spele inn eit album med coversongar, mellom anna av artistar som The Beatles og Bob Dylan, og nyare hitsinglar av artistar som The Mamas & the Papas og Simon & Garfunkel.[2] Solovokalisten Sal Valentino forklarte: «Då me kom til Warner Brothers ønskte dei å få ut ei plate kjapt, for å utnytte suksessen me hadde hatt. Den plata var feil å gjere på den tida.»[2]
Don Irving speler gitar på plata. Irving var ei kort stund medlem i The Beau Brummels då han erstatta Ron Elliott,[3]
som òg spelte på albumet, men som ikkje kunne turnere så mykje lengre på grunn av problem med diabetes.[2]