Ron Meagher (fødd 2. oktober1941) ein USA-amerikansk bassist, mest kjend som medlem i rockebandet The Beau Brummels. Då gitaristen og låtskrivaren Ron Elliott sette saman bandet i 1964, spurte han venen sin, Kay Dane, om ho kjende ein god bassist.[1]
Dane tilrådde Meagher, men sa, «Han er litt rar. Han har langt hår!»[1] Etter han vart med i bandet vart Meagher ein viktig del av imaget til bandet, sidan han var ein av dei første amerikanske rockemusikarane med Beatles-aktig hår.[2]
I tillegg til å syngje korvokal, song Meagher stundom solo, som på «They'll Make You Cry», ein song frå debutalbumet deira Introducing the Beau Brummels i 1965.[2] Han vart verande med bandet då dei vart redusert frå ein kvintett til ein trio i 1967 for albumet Triangle.[3]
Under innspelinga av det neste albumet deira, Bradley's Barn, 1968, vart Meagher trekt ut til militærteneste og vart ein av få musikarar får eit kjend rockeband som deltok i Vietnamkrigen.[2] Då han kom heim att to år seinare, spelte Meagher i The Black Velvet Band med den tidlegare Beau Brummels-kollegaen Declan Mulligan.[2] Meagher spelte fleire gonger med Beau Brummels at dei neste tre tiåra, mellom anna på albumet The Beau Brummels i 1975.[4]
↑ 1,01,1
Tahsler, Bruce (2007). Garage Bands From the Sixties, Then and Now (2nd utg.). San Francisco: Teens 'N Twenties Publications. s. 73. ISBN978-1-4243-1813-1.