Kart over Bačka-området
Bačka (serbisk Бачка , ungarsk Bácska , kroatisk Bačka , slovakisk Báčka , ruthensk Бачка , tysk Batschka ) er eit område på Den pannoniske sletta mellom elvane Donau og Tisa . Området er delt mellom Serbia og Ungarn , med ei lita lomme langs den venstre breidda av Donau som høyrer til Kroatia , men som har vore under serbisk kontroll sidan 1991 .
Det meste av dette området dannar Vojvodina -regionen i Serbia . Novi Sad , hovudstaden i Vojvodina, ligg ved grensa mellom Bačka og Syrmia . I følgje ei folketeljing i 2002 i Serbia består folkesetnaden i Bačka av: serbarar (54,74 %), ungararar (21,70 %), i tillegg til slovakarar , kroatar , bunjevci , šokci , ruthinarar , montenegrinarar , jugoslavarar , sigøynarar og tyskarar . Det totale folketalet i den serbiske delen av Bačka er 1 022 524 (2002). Den mindre nordlege delen av Bačka ligg no i Bács-Kiskun fylke i Ungarn.
Historie
Gjennom historia har Bačka vore ein del av Dakia , Hunarriket , Avar-khanatet , Gepid kongedømet , Det første bulgarske riket , Kongedømet Ungarn , Det osmanske riket , Habsburgmonarkiet , Keisardømet Austerriket , Austerrike-Ungarn , Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar , Kongedømet Jugoslavia , Jugoslavia , Den føderale republikken Jugoslavia , Serbia og Montenegro , og sidan 2006 har det vore ein del av Serbia . Den mindre nordlege delen av har vore ein del av Ungarn sidan 1920.
Namnet Bačka har slavisk opphav, det det tyder land som høyrer til byen Bač . Ungararane har òg teke dette slaviske namnet for området. Menneske har halde seg i området i over 4000 år, sidan neolittisk tid . Dei tidlegaste historiske innbyggjarane i området var sannsynlegvis illyriske stammer.
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff