Ungar i serbiske folkedrakter under Trompetfestivalen i Guča .
Serbarar er ei sørslavisk folkegruppe med kjerneområde i Serbia , der dei utgjer ein majoritet. Det bur også mange serbarar i Montenegro , Bosnia-Hercegovina , Kroatia , Slovenia og Nord-Makedonia , og ein del i andre land i Europa og Nord-Amerika.
Språket til dei fleste serbarar er serbisk , eit språk som ligg svært nært andre serbokroatiske språk. Språket kan skrivast med kyrilliske bokstavar , som er det offisielle skriftspråket i Serbia, og med latinske bokstavar .
Kulturelt er serbarar nært knytt til resten av Søraust-Europa . Dei fleste serbarar tilhøyrer ortodoks kristendom .
Historie
Heilage Sava (Rastko Nemanjić )
Det første større serbiske riket, Storfyrstedømet Serbia eller Rascia , oppstod tidleg på 1000-talet. Rastko Nemanjić frå Nemanjić-dynastiet , seinare kjend som heilage Sava , grunnla den serbiske ortodokse kyrkja i 1219. Under Dušan den store blei riket utvida til det omfatta Nord-Makedonia , dagens Montenegro , nordlege Hellas og store delar av Albania .
I 1389 stod serbarane mot Det osmanske riket i Slaget på Kosovosletta , nær byen Pristina . Serbia kom først under osmansk styre i 1459. Den serbiske revolusjonen braut ut i 1804 og førte til lausrivinga av Serbia frå Det osmanske riket og opprettinga av eit moderne serbisk kongedøme . Etter at ein bosnisk serbar, Gavrilo Princip , snikmyrda erkehertug Franz Ferdinand av Austerrike gjekk Austerrike-Ungarn til krig mot Serbia, og starta med det første verdskrigen .
Etter krigen blei den sørslaviske Kongeriket av slovenarar, kroatar og serbarar skipa. Dette var forløparen til Jugoslavia . Under andre verdskrigen blei landet invadert av Nazi-Tyskland og delt opp i fleire delar - i «Den uavhengige staten Kroatia » blei serbarar forfølgde og utsette for folkemord av den fascistiske rørsla Ustasja .
Etter krigen blei Jugoslavia ein kommunistisk stat leia av Josip Broz Tito . Etter at Tito døydde i 1980 blei landet ustabilt, og blei delt opp til mange mindre statar på fredeleg og valdeleg vis. I fleire område oppstod det konflikt der etniske serbarar ønskte å vera del av Rest-Jugoslavia eller Serbia , medan majoritetane i områda ønskte sine eigne statar. Som følgje av uroa blei Serbia underlagt internasjonale sanksjonar, og mange serbarar måtte forlata Kroatia , Bosnia-Hercegovina og Kosovo .
Kjende serbarar
Kjelder
«Serbere» . (27. mars 2009). I Store norske leksikon . Fri artikkel henta 28. april 2015.
Bakgrunnsstoff