Baylybreen er ein isbre som flyt inn i enden av Bancroft Bay, på vestkysten av Graham Land. Han vart kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) frå flyfoto tekne av Hunting Aerosurveys Ltd i 1956–57, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1960 etter Maurice B. Bay, ein geolog i FIDS ved stasjonen på Danco Island i 1956 som i lag med L. Harris, staka ut kursen frå Portal Point-hytta (på nærliggande Reclus Peninsula) til platået i februar 1957.
Kjelder