Axis: Bold as Love er det andre studioalbumet av The Jimi Hendrix Experience. Etter press frå plateselskapet til å kome med ein oppfølgjar til debutalbumet Are You Experienced frå mai 1967, vart Axis: Bold as Love gjeven ut på Track Records i Storbritannia i desember 1967. Det nådde femteplassen i Storbritannia og seinare tredjeplassen i USA.[1]
Albumet vart spelt inn for å fullføre platekontrakten til bandet, som sa at dei måtte lage to album i 1967. Det vart likevel ikkje gjeve ut i USA før 1968 på grunn av frykt for at det ville forstyrre salet av det første albumet, som selde særs godt.[2] Bassist Noel Redding har sagt at dette var favorittalbumet hans av dei tre Experience-albuma. Han spelar sjølv åtte strengsbass på somme songar.[2]
Like før albumet var ferdig, la Hendrix att masterteipen til side 1 i ein taxi. Dei vart aldri funnen att, og A-sida måtte derfor miksast på nytt.[2]
Ettermæle
I 2003 vart albumet rangert på 82. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Magasinet Guitarist kåra albumet til det sjuande mest påverkande gitaralbumet gjennom tidene.[3]
Musikk
Mange av songane på albumet vart komponerte med studioinnspelingsteknikkar i tankane, og som følgje av dette vart fleire av songane sjeldan spelt på konsertar. Berre «Spanish Castle Magic» og «Little Wing» vart spelt fast.[2] Teksten til «Spanish Castle Magic» var inspirert av The Spanish Castle, eit danselokakle i Des Moines i Washington nær Seattle der Hendrix jamma med lokale rockegrupper i high school-tida. På «Little Wing» speler Hendrix gitaren gjennom ein Leslie-høgtalar (roterande høgtalar som skapar ein skjelvande effekt, typisk brukt i elektriske orgel) for første gong.
Den første songen, «EXP», startar med nokre tonar frå «Stone Free» og består av ein samtale mellom Mitchell og Hendrix om UFOar, der Mitchell spelar ein radiovert og Hendrix eit romvesen forkledd som Mr. Paul Caruso. Stemma hans går gradvis langsamare før han tar av med romskipet sitt.
Songen «Little Miss Lover» var den første som inneheldt ein støtvis, dempa wah-wah-effekt - ein teknikk seinare nytta av mange andre gitaristar.
Innhald
Alle spor skrivne av Jimi Hendrix, bortsett frå der andre er nemnde