Electric Ladyland er det tredje og siste albumet til the Jimi Hendrix Experience, utgjeve i oktober 1968 på Reprise Records. Det var det siste studioalbumet til Jimi Hendrix som han produserte sjølv. Det toppa den amerikanske albumlista i to veker i november 1968.[6] Det kontroversielle britiske plateomslaget synte bilete av ei gruppe nakne kvinner. Dette vart raskt endra til eit portrett av Hendrix som syng.
Songar
Det vart gjeve ut som eit dobbelalbum og syner alle sidene ved det musikalske talentet til Hendrix. Det inneheld fleire sjangrar og musikkstilar, den psykedeliske «Burning of the Midnight Lamp», som vart gjeven ut som singel i Storbritannia sommaren 1967, den lange bluesjammen «Voodoo Chile», den New Orleans-aktige R&B-songen av Earl King «Come On», den episke studioproduksjonen «1983... (A Merman I Should Turn to Be)», samfunnskommentaren «House Burning Down», britpop-songen til Noel Redding, «Little Miss Strange». Albumet inneheld òg ein omarbeidd versjon av Bob Dylan-klassikaren «All Along the Watchtower», som Dylan sjølv likte særs godt,[7] samt «Voodoo Child (Slight Return)», som er ein særs kjend gitarlåt.
Innspeling
Sjølv om Hendrix nytta songar som var spelt inn tidlegare, byrja arbeidet med albumet for fullt våren 1968 i det nyopna Record Plant Studios i New York. Under innspelinga av albumet byrja Hendrix å krangle med produsent Chas Chandler og bassistNoel Redding. Alt presset med dei omfattande turneplane og at Hendrix ønskte å ha eit liv utanom, gjorde at han inviterte venene sine og kjende til studioet. Chas Chandler mislikte å vere så mykje i studio og skulda det delvis på gjestene. Chandler slutta i mai 1967 og overlet produksjonsansvaret til Hendrix sjølv.
Perfeksjonismen til Hendrix i studio var legendarisk - han og Mitchell spelte inn over 50 forsøk av «Gypsy Eyes» over tre innspelingsperiodar,[8] og Hendrix var generelt usikker på stemma si og spelte ofte inn vokalen gøymd bakom skjermar i studio. Hendrix song all korvokalen sjølv på tittelsporet og på «Long Hot Summer Night».[9]
På mange av songane på albumet utvida Hendrix den originale trioen med å samarbeide med andre musikarar, som Dave Mason, Chris Wood og Steve Winwood frå Traffic; framtidige Band of Gypsys-trommis Buddy Miles; Jefferson Airplane-bassist Jack Casady; og tidlegare Dylan-organist Al Kooper. Samarbeidet mellom Hendrix og bassist Noel Redding, som hadde same meining som Chandler om tida dei brukte i studio, var spent under innspelinga.[10] Hendrix spelte derfor bass på mange av songane, mellom anna bassoloen på «1983».[11]
Utgjeving og mottaking
Den britiske utgåva av albumet nådde sjetteplassen og utgjevinga var kontroversiell. Hendrix skreiv eit brev til Reprise der han skildra nøyaktig kva han ville ha på omslaget. Han bad om eit fargefoto av Linda Eastman gruppa sitjande med born på ein skulptur frå Alice in Wonderland i Central Park i New York.[12] Selskapet laga i staden eit uskarpt raudt og gult bilete av hovudet hans, teken av Karl Ferris. Track Records laga sitt eige omslag, som synte 19 nakne kvinner som låg på ein svart bakgrunn.[13]
I 2005 kåra lesarane av QElectric Ladyland til det 38. beste albumet gjennom tidene. I 2003 plasserte VH1 det på 72. plass. I 2003 sette Rolling Stone albumet på 54. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene. Albumet er òg omtalt i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.