Aure er ein tettstad og administrasjonssenteret i Aure kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg på austsida av Aursundet og har 610 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Aure har vore kyrkjestad frå 900-talet. Ei kyrkje frå mellomalderen vart riven i 1726 og ei ny krosskyrkje vart teken i bruk året etter. I 1924 slo lynet ned i kyrkja og førte til at ho brann opp.
Ovanfor Aure sentrum ligg Bergsfjellet med ei høgd på på 538 moh.[1]
Kjelder