Det finst fleire typar, der oscillatorar basert på cesium, hydrogen og rubidium er mest vanleg. Oscillatorar som er basert på cesiumatom skal vere dei mest nøyaktige, med ei nøysemd på ±1 sekund på éin million år. Eitt sekund er i dag definert ut i frå «kor lenge 9 192 631 770 periodar av strålinga som svarer til overgangen mellom dei to hyperfine nivåa av grunntilstanden til cesium-133 atomet ved 0 kelvin varer.» Det er dette ein måler i eit atomur.
Ifølgje relativitetsteorien er tid relativt, og avhengig av snøggleiken. Derfor vil ikkje to atomur gå likt med mindre dei flyttar seg med same snøggleik. Dette er merkbart i samband med satellittar og annan romfart.
I dag kan ein kjøpe forholdsvis billige radiostyrte ur, som ikkje må forvekslast med atomur.