Atlantic Council er ei amerikansk tankesmie i kategorien internasjonal politikk. Tankesmia vart grunnlagt i 1961, og skulle vere eit forum vestlege intelektuelle leiarar og politikarar. Det finst ti regionale senter relatert til internasjonal tryggleik og global økonomisk framgang. Hovudkvarteret er i Washington, D.C.. Tankesmia er medlem av Atlantic Treaty Association.
Historie
Under grunnlegginga vart det sagt at siktemålet med tankesmia var å fremje samarbeidet mellom USA og Europa som byrja etter Andre verdskrigen. Arbeidet har mellom anna gått ut på å publisere meiningsmålingar om kva europearar og amerikanarar tykkjer om transatlantisk og internasjonalt samarbeid. Fokuset var på frihandel og økonomi.[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff