Astrolabebreen er ein isbre 6,5 km brei og 16 km lang, som flyt nord-nordaust frå innlandsisen og som endar ved kysten i ei kjend tunge ved austsida av Archipel de Pointe Géologie.[1] Han vart oppdaga i 1840 av den franske ekspedisjonen under kaptein Jules Dumont d'Urville, sjølv om det ikkje vart nedteikna nokre brear på kartet til d'Urville over denne kysten.[2] Isbreen vart fotografert frå lufta av U.S. Navy Operasjon Highjump i januar 1947. Han vart kartlagt av Den franske antarktisekspedisjonen i 1949–51, og kalla opp etter flaggskipet til d'Urville, «Astrolabe».
Astrolabe bretunge er ein markant bretunge kring 4,5 km brei og 6,5 km lang som strekkjer seg nordaust frå Astrolabebreen.
Kjelder
- ↑ (fransk) IGN Map of Pointe Géologie archipelago, Documents, Historic Sites and Monuments.
- ↑ (fransk) Voyage au Pôle sud et dans l'Océanie sur les korvetts «l'Astrolabe» et «la Zélée», exécuté par ordre du Roi pendant les années 1837-1838-1839-1840 sous le commandement de M. J. Dumont-d'Urville, capitaine de vaisseau, Paris, Gide éditeur, 1842-1846, tome 8, s. 149-152, site of Gallica, BNF.
}}