Arne Korsmo

Arne Korsmo

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. august 1900
Christiania
Død

29. august 1968 (68 år)
Cuzco

Yrke arkitekt, byarkitekt, designar
Far Emil Korsmo
Ektefelle Grete Prytz Kittelsen
Arne Korsmo på Commons
Villa Stenersen i Tuengen allé 10c i Oslo er teikna av Arne Korsmo. Den blei bygd i 1937–1939 for finansmannen, kunstsamleran og forfattaren Rolf Stenersen
Foto: Hans A. Rosbach
Villa Dammann.
Foto: Nina Aldin Thune
Villa Riise i Hamar

Arne Korsmo (fødd 14. august 1900 Kristiania, død 29. august 1968 Cuzco i Peru) var ein norsk leiande funksjonalistisk arkitekt og og formgjevar. Han underviste ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og var professor ved Noregs Tekniske Høgskole (NTH) i Trondheim. Åleine og i samarbeid med mellom anna Sverre Aasland, Knut Knutsen og Christian Norberg-Schulz teikna han ei rekkje villaer. Han formgav ei rad produkt i lag med kunsthandverkaren Grete Prytz Kittelsen som han var gift med i åra 1945-1960.

Til saman teikna Korsmo rundt 50 villaer, fleire av dei er rekna som hovudverk i norsk funksjonalisme, mellom anna rekkjehus i Planetveien i Oslo, Villa Dammann og Villa Stenersen med fleire.

Liv og virke

Korsmo var son av agronom og botanikar Emil Korsmo (1865–53). Han voks opp i Kristiania og tok examen artium i 1920. Han tok diplomeksamen frå arkitektlinja på Noregs tekniske høgskole (NTH) i 1926. Han hadde deretter praksis hos fleire av dei tonegjevande arkitektane i Oslo på denne tida: Kristian Biong; Arnstein Arneberg og Magnus Poulsson; i tillegg til Finn Bryn og Johan Ellefsen.

Han drog deretter på studiereise på kontinentet med støtte frå Henrichsens legat i åra 19281929 og henta inspirasjon og impulsar frå funksjonalismen, ei retning som han sjølv vart ein eksponent for.

Mellom 1929 og 1935 dreiv han arkitektkontor saman med arkitekt Sverre Aasland. I løpet av 20 år teikna Korsmo 50 villaer. Fleire av dei blir rekna mellom hovudverka i norsk funksjonalisme, mellom anna rekkehus i Planetveien, Villa Dammann og Villa Stenersen med fleire.

Han underviste på Statens håndverks- og kunstindustriskole (SHKS) i møbelklassen. Samstundes virka han som formgivar og brukskunstnar, ofte saman med den dåverande kona si, formgivaren Grete Prytz Kittelsen. Mange av møblane og bruksgjenstandane deira var langt føre si tid. Mellom dei viktigaste er:

  • Bestikket «Korsmo» i sølvplett, som vart laga for serieproduksjon i 1954.
  • Serveringsdelar, bestikk, fløytesett, kaffikanner, glas, serveringsbollar og fat som representerte eit brot med tradisjonen og var nyskapande i materialbruk, funksjonalitet og form.
  • Spesialteikna møblar for bruk i bestemte rom.

Korsmo var den mest internasjonalt orienterte arkitekten i Noreg [treng kjelde], med kontaktar til arkitektar i den internasjonale eliten som bl.a. Walter Gropius, Ludwig Mies van der Rohe og Frank Lloyd Wright. I 1950 vart han bede av Sigfried Giedion om å leie ei norsk gruppe av CIAM (Congrès International d'Architecture Moderne). Korsmo tok på seg oppdraget, og gruppa fekk namnet PAGON (Progressive Arkitekters Gruppe Oslo Norge). I 1944 trefte Korsmo den 18 år yngre danske arkitekten Jørn Utzon i Stockholm. Dette møtet vart etter krigen opptakten til eit periodisk samarbeid som varte frå 1947 til 1954.

Arne Korsmo er den einaste norske arkitekten som er blitt tildelt Grand Prix ved Triennalen i Milano (1954).[treng kjelde]

Frå 1956 var han professor ved arkitektavdelinga ved Noregs Tekniske Høgskole. Her var han fram til han døydde i 1968.

Korsmo var ein inspirerande personlegdom som øvde sterk innverknad på mange studentar som seinare vart tonegjevande innan arkitektur og møbeldesign, m.a. arkitekt Sverre Fehn og interiørarkitekt MNIL Adolf Relling.

Arkitektur og design

Eige arbeid

Utførte arbeid:

  • 1927 Villa på Høvik i Bærum på oppdrag frå kunstnaren Xan Krohn.
  • 1929-30 Frøen bustadområde Lille Frøens vei 10-16, Apalveien 16-18, Oslo. 10 einebustader (med Sverre Aasland). Tildelt Sundts arkitekturpris.
  • 1929-30 Eigen bustad, Lille Frøens vei 14, Oslo. Ominnreiing (rive).
  • 1929 Einebustad, Heggelibakken 69, Vinderen, Oslo
  • 1929-30 Butikkar, restaurant Bagatelle. Bygdøy Allé 3-7, Oslo (Med Sverre Aasland). Fasade og ominnreiing (rive).
  • 1930 Bustadblokk. Pavels gate 6, Oslo (Med Sverre Aasland).
  • 1930 Møblar utstilt Oslo 1931.
  • 1930 Butikk for L. Benjamin, Drammensveien 6, Oslo. Ominnreiing (rive).
  • 1930-32 Havna bustadområde, Havna Allé 1-6, 8-14. 13 einebustader, inklusive Villa Dammann. Tildelt Houens fonds diplom 1937 (12 av dei saman med Sverre Aasland, den siste saman med Knut Knutsen).
  • 1931 Tomannsbustader, John Colletts allé 77 og 93, Ullevål.
  • 1931 Einebustad, Vækerøåsen 14, Furulund.
  • 1931 Loftsleilegheit, Holmboes gate 1, Oslo. Ominnreiing (rive).
  • 1932 Fire einebustader, Apalveien 55-61, Oslo (med Sverre Aasland).
  • 1932 Reguleringsplan, Blindern, Oslo (med Sverre Aasland).
  • 1932 Reguleringsplan, Bakkehaugen, Oslo. Prisløna (med Sverre Aasland).
  • 1932 Einebustad, Arnebråtveien 30b, Oslo (med Sverre Aasland).
  • 1933-34 Villa Eriksen i Kristiansand (med Sverre Aasland).
  • 1933-36 Kornsilo, Christansands Møller, Kristiansand. Tildelt Houens fonds diplom 1939 (med Sverre Aasland).
  • 1934-35 Villa Riise, Hamar. Einebustad (med Sverre Aasland).
  • 1935 Villa Hansen, Tuengen allé 6b, Oslo. Einebustad
  • 1935 Balans Exakt, industridesign av butikkvekt for standardproduksjon.
  • 1935 Vi Kan-utstillinga, 1. premie i arkitektkonkurranse. Utstillinga opna i 1938.
  • 1935 Villa Benjamin, Slemdalsveien 33a, Oslo. Einebustad.
  • 1935-36 Villa Heyerdal, Slemdalsveien 33c, Oslo. Einebustad.
  • 1936 Villa Hytten, Slemdalsveien 33b, Oslo. Einebustad.
  • 1936 Villa Rynning, Lønnhaugen, Oslo. Einebustad.
  • 1936 Villa Manal, Bærumsveien 12, Oslo. Einebustad. Loft påbygd 1953.
  • 1936 Haldenutstillinga, Halden.
  • 1937 Einebustad, Hoffsjef Løvenskiolds vei 9, Oslo.
  • 1937 Mossutstillinga, Moss.
  • 1937 Den norske paviljong på verdsutstillinga i Paris (med Knut Knutsen og Ole Lind Schistad).
  • 1937 Scenedekorasjonar for Det Nye teater, Oslo.
  • 1937-39 Villa Stenersen, Tuengen Allé 10c.
  • 1938 Vi Kan-utstillinga, Frognerstranda, Oslo (med Knut Knutsen og A. Nygaard).
  • 1938 Den norske paviljong på Verdsutstillinga i New York. Konkurranseprosjekt.
  • 1938 Rekkehus, Apalveien 46-50, Oslo.
  • 1938 Einebustad Halden.
  • 1938 Skole, Kristiansand. Konkurranseprosjekt.
  • 1938 Gaustadhaugen bustader, Gaustadhaugen, Oslo. Konkurranseprosjekt 3. premie.
  • 1939 Bustadblokk, Lilleberg, Oslo.
  • 1940 Sommarhus for familien Heyerdahl, Risør.
  • 1947-60 Sølvdesign for A/S Tostrup, Oslo (med Grete Prytz Korsmo). Bl.a. bestikket «Korsmo» i sølvplett (1952–54)
  • 1950 Eigen heim, Løkenveien 12, Bygdøy, Oslo. Ominnreiing (rive).
  • 1951 «Erector set»-metoden. Konstruksjonssystem.
  • 1951 Pølsekiosk, Bislet, Oslo (riven).
  • 1951 Norway Designs for Living, Chicago. Permanent utstilling (med B. Dahl).
  • 1951 Leilegheit, Tostrup Terrasse 9, Oslo. Ominnreiing.
  • 1952 To utstillingsleilegheiter, Statens Håndverk og Kunstindustriskole, interiør (med PAGON-gruppen).
  • 1952-55 Rekkehus, inkludert Korsmos eigen bustad., Planetveien 10-14, Oslo. Tre Einebustader. (med Christian Norberg-Schulz).
  • 1953 Utstilling, ARTEK, Helsingfors.
  • 1953 Akershusområdet, Oslo. Konkurranseprosjekt (med Christian Norberg-Schulz).
  • 1954 Tingterrassen kafé, Stortingsplass, Oslo. Utandørs restaurant (riven).
  • 1954 Triennalen i Milano. Den norske designutstillinga. Arne og Grete Korsmo tildelt Grand Prix.
  • 1957 Triennalen i Milano. Den norske utstillingsstanden.
  • 1958 Informasjonsstand i UNESCO-bygningen, Paris.
  • 1958 «Arkitekturens miljøsenter», arkitektavdelinga NTH, Gløshaugen, Trondheim.
  • 1958 Design i aluminium og emalje. Cathrineholm fabrikker, Halden (med Grete Prytz Korsmo).
  • 1960 Villa Klein i Halden. Einebustad (med Terje Moe).
  • 1961-63 Hotell Britannia i Trondheim. Ominnreiing (med Terje Moe).
  • 1963 Villa Stenersen, Tuengen allé 10c, Oslo. Tilbygg til huset frå 1937-39.

Prosjekt

  • 1925 Birkelunden (park), Oslo.
  • 1926 Jernbanestasjon, Oslo. Diplomarbeid NTH.
  • 1927 Kunstgalleri Trondheim. Konkurranseprosjekt
  • 1936 Oslo Gymnasium, Oslo. Konkurranseprosjekt.
  • 1939 Backegården, Grensen, Oslo.
  • 1939 Kontorbygg, Vika, Oslo.
  • 1939 Einebustad, Gulleråsen, Oslo. Prosjekt for «sålingseksperten».
  • 1940-41 Kyrkje, Kristiansund.
  • 1946 Stolar. Museum of Modern Art, New York. Konkurranseforslag.
  • 1947 Sommarhus for Van der Fehr, Larkollen.
  • 1947 Rekkehus, Ulvøya.
  • 1947 Kontorbygg, Måløy.
  • 1947 Sentralstasjon, Oslo. Konkurranseprosjekt (med Jørn Utzon).
  • 1948 Handelhögskolan, Göteborg, Sverige. Konkurranseprosjekt (med Jørn Utzon).
  • 1948 Vestre Vika, Oslo. Konkurranseprosjekt (med Jørn Utzon).
  • 1948-52 Fjellskole, aust for Tretten. Prosjekt for mindre skole i fjellandskap.
  • 1948-53 Tostrupgården, Karl Johans gate 25, Oslo.
  • 1949 Samfunnshus, Falköping, Sverige. Konkurranseprosjekt (med Jørn Utzon og F. Björk).
  • 1950 Sommarhus for Alexei Zaitzow. .
  • 1950 Glasdesign. Prosjekt for Riihimäki, Finland, 2. premie.
  • 1951-52 Alfredheim, Nils Lauritzøns vei 39, Oslo.(med Christian Norberg-Schulz).
  • 1951 Atriumhus, Nils Lauritzøns vei, Oslo.(med Christian Norberg-Schulz).
  • 1952 Skøyen-Oppsal bustadområde, Oslo. Konkurranseprosjekt (med Jørn Utzon).
  • 1952 Akvarium i Bergen. Konkurranseprosjekt (med Christian Norberg-Schulz).
  • 1953 Statens Arkitekthøgskole, Oslo.
  • 1953 Eigen heim, («Arbeidshjem»).
  • 1953 Krematorium. (med Gunnar S. Gundersen).
  • 1954 Hengebru. (med Jørn Utzon).
  • 1954 Munchmuseet, Oslo. Konkurranseprosjekt.
  • 1954-55 Oslo sentrum. (med Christian Norberg-Schulz, J. Broome og Odd Østbye).
  • 1955 Villa T. Prytz, Holmen, Oslo.
  • 1956 Bustader i Planetveien.
  • 1960 Hus for Rolf E.Stenersen, Mallorca.
  • 1966 Henie Onstad museet, Høvikodden, Oslo.

Bustader teikna av Korsmo

Apalveien

Havna allé

Lille Frøens vei

Kjelder

  • Christian Norberg-Schulz, The Functionalist Arne Korsmo. Universitetsforlaget 1986.
  • Brænne, Jon, Bøe, Eirik T., Skjerven, Astrid, Arne Korsmo: arkitektur og design, Universitetsforlaget 2004 ISBN 82-15-00209-9
  • Arne Gunnarsjaa: Arkitekturleksikon, Abstrakt forlag 1999, ISBN: 82-7935-007-1, side 879 om arkitektfirmaet Aasland og Korsmo
  • Arne Korsmo frå Norsk biografisk leksikon

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Arne Korsmo

Read other articles:

RampiTo RampiMasyarakat Rampi memakai pakaian adat.Daerah dengan populasi signifikanKecamatan Rampi±8.000BahasaRampiAgamaKristen Protestan[1]Kelompok etnik terkaitSeko  • Bugis  • Pamona Suku Rampi (bahasa Rampi: To Rampi) adalah sebuah kelompok etnis yang mendiami daerah pegunungan di Kecamatan Rampi, Kabupaten Luwu Utara, Sulawesi Selatan. Daerah yang didiami oleh suku Rampi merupakan daerah terisolir yakni di Pegunungan Luwu Utara yang terletak di bagian utara dari S...

 

Human disease caused by paramyxovirus For other uses, see Mumps (disambiguation). Medical conditionMumpsOther namesEpidemic parotitisChild with mumps showing characteristic facial swellingSpecialtyInfectious diseaseSymptomsParotitis and non-specific symptoms such as fever, headache, malaise, muscle pain, and loss of appetiteComplicationsDeafness, inflammatory conditions such as orchitis, oophoritis, and pancreatitis, and rarely sterilityUsual onset7–25 days after exposureDurationUsually les...

 

Main article: 2004 United States presidential election 2004 United States presidential election in Minnesota ← 2000 November 2, 2004 2008 → Turnout78.77%[1]   Nominee John Kerry George W. Bush Party Democratic (DFL) Republican Home state Massachusetts Texas Running mate John Edwards Dick Cheney Electoral vote 9[a] 0 Popular vote 1,445,014 1,346,695 Percentage 51.09% 47.61% County Results Precinct Results Kerry   40–50...

S.K. Samt'rediaCalcio Segni distintivi Uniformi di gara Casa Trasferta Colori sociali Blu, bianco Dati societari Città Samtredia Nazione  Georgia Confederazione UEFA Federazione GFF Campionato Erovnuli Liga Fondazione 1936 Presidente Gia Omanadze Allenatore Dimitar Kapinkovski Stadio Stadio Erosi Manjgaladze(15 000 posti) Sito web fcsamtredia.com Palmarès Titoli nazionali 1 campionato georgiano Trofei nazionali 1 Supercoppa di Georgia Dati aggiornati al 27 febbraio 2020Si inv...

 

B

  此條目介紹的是拉丁字母中的第2个字母。关于其他用法,请见「B (消歧义)」。   提示:此条目页的主题不是希腊字母Β、西里尔字母В、Б、Ъ、Ь或德语字母ẞ、ß。 BB b(见下)用法書寫系統拉丁字母英文字母ISO基本拉丁字母(英语:ISO basic Latin alphabet)类型全音素文字相关所属語言拉丁语读音方法 [b][p][ɓ](适应变体)Unicode编码U+0042, U+0062字母顺位2数值 2歷史發...

 

Muqarnas di Istana Alhambra, Granada, Spanyol. Muqarnas pada Balkon Qutb Minar, Delhi, India. Muqarnas (bahasa Arab: مقرنص) adalah sebentuk ragam dekoratif dalam arsitektur tradisional Islam dan Persia. Hiasan Muqarnas menampilkan sistem proyeksi, pengulangan, dan penggandaan berbentuk ceruk, yang berfungsi sebagai dekorasi untuk bagian-bagian peralihan dalam arsitektur.[1] Dalam bahasa Arab, kata muqarnas berarti kubah stalaktit, dan merupakan ornamen arsitektur yang dikembangka...

Pemilihan umum anggota Dewan Perwakilan Daerah untuk Provinsi Provinsi Daerah Istimewa Yogyakarta 20242019202914 Februari 2024Kehadiran pemilih87.90Kandidat   Calon G.K.R. Hemas R.A. Yashinta Suara rakyat 777.912 470.211 Persentase 33.83% 20.45%   Calon Syauqi Soeratno Hilmy M. Suara rakyat 398.903 323.080 Persentase 17.35% 14.05% Peta persebaran suara Peta Pemilihan Umum Senator untuk Daerah Istimewa Yogyakarta di berbagai kecamatan. (     Syauqi...

 

Cristo preso prigioniero, di Giuseppe Cesari; in primo piano vi è la scena in cui Pietro taglia l'orecchio a Malco Malco è un personaggio citato nei Vangeli; è un servo del sommo sacerdote Caifa, che accompagna Giuda Iscariota insieme ad altri uomini quando vanno ad arrestare Gesù nel giardino del Getsemani[1][2]. Indice 1 Eventi narrati nei testi canonici 2 Note 3 Bibliografia 4 Altri progetti 5 Collegamenti esterni Eventi narrati nei testi canonici Il personaggio è cita...

 

Dave NavarroDave Navarro nel 2010 come ospite al AVN Awards show Nazionalità Stati Uniti GenereRock alternativoHard rockAlternative metalFunk metalCollege rockFunk rock Periodo di attività musicale1986 – in attività Gruppi attualiJane's Addiction Gruppi precedentiRed Hot Chili Peppers Album pubblicati27 Studio1 Sito ufficiale Modifica dati su Wikidata · Manuale Dave Navarro, vero nome David Michael Navarro (Santa Monica, 7 giugno 1967), è un chitarrista, ca...

Railway in China between Litang, Guangxi and Zhanjiang, Guangdong Quzhou–Ningde railwayDF4D 7017 in Yulin railway StationOverviewStatusOperationalTerminiLitangZhanjiangServiceTypeHeavy railHistoryOpened1 July 1955TechnicalLine length318.2 km (198 mi)Track gauge1,435 mm (4 ft 8+1⁄2 in) standard gaugeElectrification50 Hz 25,000 VOperating speed160 km/h (99 mph) The Litang–Zhanjiang railway or Lizhan railway (simplified Chinese: 黎...

 

Questa voce o sezione sull'argomento scultori italiani non cita le fonti necessarie o quelle presenti sono insufficienti. Puoi migliorare questa voce aggiungendo citazioni da fonti attendibili secondo le linee guida sull'uso delle fonti. Segui i suggerimenti del progetto di riferimento. Pinuccio Sciola Giuseppe Sciola, conosciuto come Pinuccio (San Sperate, 15 marzo 1942 – Cagliari, 13 maggio 2016[1]), è stato uno scultore italiano. Era conosciuto per la sua attività nella p...

 

خفرعتمثال لخفرع من الديوريت, معروض في المتحف المصري بالقاهرة.فرعون مصرالحقبة26 عام, حوالي. 2570 ق.م[1], الأسرة الرابعةسبقهدجيدف رعتبعهباكا (؟), منكاورع الألقاب الملكية الاسم الشخصي: KhafraSȝ Rˁ Ḫʿj-f-RʿSon of Ra, he appears like Ra   اسم حورس: Hor-User-ib Wsr-jbStrong heart of Horus الاسم النبتي: User-im...

Building in Oxford, England H B Allen CentreThe courtyard of the H B Allen CentreGeneral informationAddress25 Banbury RoadTown or cityOxfordCountryUnited KingdomCoordinates51°45′39″N 1°15′39″W / 51.76097°N 1.26091°W / 51.76097; -1.26091Opened3 October 2019Design and constructionArchitect(s)Rick MatherArchitecture firmMICA The H B Allen Centre is the graduate centre of Keble College, one of the constituent colleges of the University of Oxford in England. Ba...

 

Nokia E63 adalah produk telepon genggam yang dirilis oleh perusahaan Nokia. Telepon genggam ini memiliki dimensi 113 x 59 x 13 mm dengan berat 126 gram. Dirilis pada Bulan Desember 2008. Dengan resolusi layar 320x240 Pixels. Fitur QWERTY keyboard Penuh Kamera digital 2 MP, 1600x1200 pixels, LED flash SMS MMS Email Instant Messaging 3G HSPA 384 kbps Wi-Fi 802.11 b/g Bluetooth v2.0 dengan A2DP Radio FM Java MIDP 2.0 WMV/RV/MP4/3GP pemutar video MP3/WMA/WAV/RA/AAC/M4A pemurat music Document edit...

 

Basilika Santa MargaretaBasilika Minor Santa Margaretabahasa Italia: Basilica di Santa MargheritaBasilika Santa MargaretaLokasiCortonaNegara ItaliaDenominasiGereja Katolik RomaSejarahDedikasiSanta Margherita dari CortonaArsitekturStatusBasilika minorStatus fungsionalAktif Interior Relikui Santa Margareta Basilika Santa Margareta (bahasa Italia: Basilica di Santa Margherita) adalah sebuah gereja basilika minor Katolik yang terletak tepat di luar kota Cortona, Toskana, Italia. Alam...

American singer-songwriter and actor (born 1967) This article needs to be updated. Please help update this article to reflect recent events or newly available information. (September 2023) Harry Connick Jr.Connick in April 2014BornJoseph Harry Fowler Connick Jr. (1967-09-11) September 11, 1967 (age 56)New Orleans, Louisiana, U.S.Occupations Singer composer actor television host Years active1977–presentSpouse Jill Goodacre ​(m. 1994)​Children3ParentHarr...

 

Not to be confused with 2024 United States Senate election in Hawaii. 2024 Hawaii Senate election ← 2022 November 5, 2024 2026 → 12 of the 25 seats in the Hawaii Senate13 seats needed for a majority   Leader Ron Kouchi Kurt Fevella Party Democratic Republican Leader's seat 8th 19th Current seats 23 2 Seats needed 11 Map of the incumbents:     Democratic incumbent     Republican incumbent  &#...

 

Не следует путать с лицензией opокщклонгщх en source. Лицензии на программное обеспечение с точки зрения степени ограничений со стороны авторского права согласно классификации профессора Марка Веббинка.[1] Лицензия свободного ПО (англ. free software licence) — лицензия на пр�...

Ruza WenclawskaWenclawska di New York City, sekitar tahun 1916LahirRuza Wenclawska(1889-12-15)15 Desember 1889Suwałki, PolandiaMeninggal1977 (umur 87–88)KebangsaanPolandia-AmerikaNama lain Rose Winslow Rose Lyons Pekerjaan Suffragis Inspektur pabrik Pembentuk serikat dagang Pemeran Penyair Gadis toko Gadis pabrik Suami/istriPhilip Lyons Ruza Wenclawska (15 Desember 1889 – 1977), juga dikenal sebagai Rose Winslow dan kemudian sebagai Rose Lyons melalui perkawinan, adalah se...

 

  「團隊精神」重定向至此。團隊精神也可以指團隊合作。 此條目没有列出任何参考或来源。 (2022年3月22日)維基百科所有的內容都應該可供查證。请协助補充可靠来源以改善这篇条目。无法查证的內容可能會因為異議提出而被移除。 管理層與工廠雇員的培訓會議,培訓是凝聚雇員士氣的其中一個良方。 士氣也稱為團隊精神,是指一個團隊的工作氣勢和氛圍,它用來�...