Armstrong Peak er eit fjell, 1470 moh, som ligg 5 nautiske mil søraust for Mount Codrington i Enderby Land i Australsk Antarktis i Aust-Antarktis.[1]
Oppdaging og namngjeving
Armstrong Peak vart kartlagd av norske kartografar frå flyfoto tekne under Lars Christensen-ekspedisjonen, 1936–37, og namngjeve «Austnuten». Fjellet vart fotografert på ny av Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) i 1956. J.C. Armstrong dreiv kartlegging i område under ANARE ved Mawson-stasjonen, og det nye namnet er kalla opp etter han, gjeve av Antarctic Names Committee of Australia i 1960.[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Armstrong Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).