Arktiske folk eller sirkumpolare folk er folkegrupper, særleg urfolk, som lever i Arktis.
Forhistorie
Dei fyrste innbyggjarane i den sentrale og austlege delen av Arktis i Nord-Amerika blir kalla den arktiske småreiskaptradisjonen (engelsk Arctic small tool tradition, AST). Han fanst frå ca. 2500 f.Kr., og omfatta fleire såkalla paleo-eskimokulturar, mellom anna Independence I-kulturen og pre-Dorset-kulturen.[1][2]Dorsetkulturen viser til dei neste innbyggjarane i det sentrale og austlege nordamerikanske Arktis. Dorsetkulturen utvikla seg gjennom teknologiske og økonomiske endringar frå 1050 til 550 f-Kr. Bortsett frå i Quebec og Labrador forsvann kulturen rundt år 1500.[3]
Overgangen frå Dorset- til Thule-kulturen fann stad rundt 800-900-talet. Forskarar har spekulert i om det kan ha vore kontakt mellom dei to kulturane, som utveksling av teknologi som harpunhovud, eller thulefolk kan ha funne restar etter dorsetkulturen og utvikla sin teknologi med inspirasjon frå den tidlege kulturen.[4]
Historiske og samtidige folk
Inuittar stammar frå thulefolka. I 1300 hadde dei busett seg på Vest-Grønland, og vandra inn i Aust-Grønland det neste hundreåret.
Takashi Irimoto, Takako Yamada (red.) Circumpolar Religion and Ecology: An Anthropology of the North, University of Tokyo Press, 1994, ISBN9780860085157.