medlem av Storbritannias 32. parlament (1922–1923)
medlem av Storbritannias 31. parlament (1918–1922)
member of the 30th Parliament of the United Kingdom (1911–1918)
member of the 29th Parliament of the United Kingdom (1910–1910)
medlem av Storbritannias 28. parlament (1906–1910)
medlem av Storbritannias 27. parlament (1900–1906)
leder av Underhuset (1916–1921)
Andrew Bonar Law (16. september1858–30. oktober1923) var ein konservativ britisk politikar og statsminister i Storbritannia 1922–23. Han var den einaste britiske statsministeren som var fødd utanfor Storbritannia fram til Boris Johnson blei statsminister.
Mora døydde i 1861, og syster hennar Janet drog til New Brunswick frå Skottland for å passa på ungane. Då James Law gifta seg opp att i 1870 kunne Janet venda tilbake til heimlandet. Ho føreslo at ho kunne ta med seg Bonar, sidan han ville få eit mykje meir privilegert tilvere der.[2] Både far og son gjekk med på dette, og Bonar Law blei oppfostra av dei rikare skotske slektningane sine i Helensburgh nær Glasgow. Bonar vendte aldri tilbake til Kingston.[3]
Han blei utdanna ved kostskulen Gilbertfield og Glasgow High School. Janet sine brør Charles, Richard og William var partnarar i banken Kidston & Sons, og ettersom ingen av dei hadde arvingar blei det generelt venta at Law kom til å få ei framståande rolle i selskapet.[4]
Han viste gode akademiske evner, men blei ikkje sendt til universitet. I staden byrja Law som kontorist ved Kidston & Sons då han ver 16.[4]
I 1885 blei Law deleigar av jernsmieselskapet William Jacks&co i Glasgow.[5]
Parlamentsmedlem
Bonar Law blei vald inn i underhuset som konservativ representant for valkrinsen Glasgow Central i 1900. Han slutta seg til den proteksjonistiske fløya til partiet, som var leia av Joseph Chamberlain. Etter at Chamberlain trekte seg tilbake frå politikken av helsegrunnar i 1906 blei Law leiar for denne fløya saman med sonen til Chamberlain, Austen Chamberlain.[5]
I 1902 blei han understatssekretær i handelsdepartementet.
Konservativ partileiar
I 1911 gjekk Arthur Balfour av som leiar for Torypartiet. Etter at det oppstod ein fastlåst situasjon mellom Chamberlain og Walter Hume Long blei Law vald til leiar som ein kompromisskandidat.[5]
I åra før utbrotet av fyrste verdskrigens vigde Law seg mest til tollspørsmålet og spørsmålet om Home Rule for Irland. Han hadde eit tydeleg standpunkt på at Home Rule føresette at Ulster måtte skiljast ut frå resten av Irland.[5]
I januar 1913 erklærte han at det ikkje skulle innførast nokon matvaretoll, med mindre veljarane uttalte seg for slike. 2. august 1914 lova Law og lord Lansdowne den sitjande liberale regjeringa støtte frå dei konservative dersom Storbritannia skulle tre inn i krigen på Frankrike og Russland si side.
Fyrste verdskrigen
Law blei med i koalisjonsregjeringa under krigen som koloniminister i juni 1915, og var òg medlem i regjeringa sin krigskomite. I desember 1916 blei han tilboden statsministerposten, men avstod då til fordel for David Lloyd George[5] Han gjekk inn i Lloyd George si regjering som finansminister og underhusleiar, medan han heldt på plassen sin i krigskomitéen.
Statsministertida
Ved valet etter enden av krigen i 1918 vann dei konservative stort og auka majoriteten sin. Då regjeringa blei nydanna i januar 1919 bytta Law frå finansministerposten til den mindre krevjande posten som Lord Privy Seal, men blei verande underhusleiar.
Av helsegrunnar gjekk Law av som toryleiar og underhusleiar i mars 1921 til fordel for Austen Chamberlain, men han kom tilbake i oktober 1922 for å bli statsminister då eit opprør blant konservative representantar med Stanley Baldwin i spissen tvinga dei konservative til å forlata Lloyd George sin koalisjon på grunn av linja til regjeringa i krisa i forholdet mellom Hellas og Tyrkia.[5]
Andrew Bonar Law fekk diagnosen strupekreft og trekte seg som statsminister 19. mai 1923. Han blei etterfølgd av Baldwin. Han døydde av kreft seinare same året.[5]
Adams, R. J. Q. '"Andrew Bonar Law and the fall of the Asquith Coalition: The December 1916 cabinet crisis," Canadian Journal of History (1997) 32#2 pp 185–200 online
Lord Beaverbrook (1963). The Decline and Fall of Lloyd George. London: Collins.
Birkenhead, Frederick E. (1977). Contemporary Personalities. Ayer Publishing. ISBN0-8369-0061-8.
Blake, Robert. The Unknown Prime Minister: The Life and Times of Andrew Bonar Law, 1858–1923 (London: Eyre and Spottiswoode, 1955) online
Charmley, John. A History of Conservative Politics, 1900–1996 London: Macmillan, 1996)
Clark, Alan. The Tories: Conservatives and the Nation State, 1922–1997, (London: Weidenfeld and Nicolson, 1998)
Eccleshall, Robert (1998). Biographical dictionary of British prime ministers. Routledge. ISBN0-415-10830-6.
Kendle, John (1992). Walter Long, Ireland and the Union, 1905–1920. McGill-Queen's Press. ISBN0-7735-0908-9.
Kennedy, Thomas (July 2007). «Troubled Tories: Dissent and Confusion concerning the Party's Ulster Policy, 1910–1914». Journal of British Studies43 (3): 575–593.
Laybourn, Keith (2001). British political leaders: a biographical dictionary. ABC-CLIO. ISBN1-57607-043-3.
Mackintosh, John Pitcairn (1981). The British Cabinet (3rd utg.). Taylor & Francis. ISBN0-416-31380-9.
Malcolm, Ian Zachary (1977). Vacant thrones. Ayer Publishing. ISBN0-8369-0672-1.
Sforza, Carlo (1969). Makers of modern Europe: portraits and personal impressions and recollections. Ayer Publishing. ISBN0-8369-1064-8.
Smith, Jeremy (1993). «Bluff, Bluster and Brinkmanship: Andrew Bonar Law and the Third Home Rule Bill». The Historical Journal36 (1): 161–178. ISSN0018-246X. doi:10.1017/S0018246X00016150.
Taylor, Andrew (2006). Bonar Law. Haus Publishing. ISBN1-904950-59-0.
Taylor, A. J. P. (1965). English History 1914–1945. Clarendon Press. OCLC174762876.