Amazonasdelfin
Amazonasdelfinen eller boto/boutu (Inia geoffrensis) er ein tannkval som høyrer til gruppa søramerikanske elvedelfinar. Han er typisk om lag 2,5 meter lang, veg 150 kilogram og er den største elvedelfinen. Arten er endemisk for elvesystemet Amazonaselva-Orinoco. Han førekjem i Brasil, Bolivia, Colombia, Ecuador, Peru og Venezuela.[1]
Kjelder
- ↑ Reeves, R.R., Jefferson, T.A., Karczmarski, L., Laidre, K., O’Corry-Crowe, G., Rojas-Bracho, L., Secchi, E.R., Slooten, E., Smith, B.D., Wang, J.Y. & Zhou, K (2013), «Inia geoffrensis», The IUCN Red List of Threatened Species 2013, doi:10.2305/IUCN.UK.2011-1.RLTS.T10831A3220342.en, henta 18. februar 2016
Bakgrunnsstoff
|
|