Altun Kupri eller Altun Kopru (kurdisk پردێ, arabisk ألتن كوبري, tyrkisk Altınköprü[2]) er ein by nord for Kirkuk i Kirkuk guvernement i Irak. Han har kring 10 000 innbyggjarar, som hovudsakleg består av tyrkarar.[3] Han ligg ved breidda av Dibissjøen i Vesle Zab, nær Dibis-demninga. Vesle Zab deler byen i tre: Büyük yaka (Storsida), Orta yaka (Sentralsida), Küçük yaka (Veslesida). Han ligg strategisk til langs vegen mellom Erbil og Kirkuk.
Over 135 tyrkarar vart massakrerte i 1991 under Gulfkrigen av den irakiske hæren.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff