Alice Malsenior Tallulah-Kate Walker (fødd 9. februar1944) er ein amerikansk forfattar og samfunnsaktivist.[1] I 1982 var ho den fyrste afroamerikanske kvinna som vann Pulitzer-prisen for skjønnlitteratur, for romanen The Color Purple.[2][3] Gjennom karrieren har Walker gjeve ut 17 romanar og novellesamlingar, fleire sakprosaverk og samlingar av essay og poesi.
Walker blei fødd på den fattige landsbygda i Georgia, og gjekk gjennom utfordringar som barndomsskader og rasesegregering til å gå ut som beste elev frå high school og vidare som student ved Sarah Lawrence College. Ho byrja forfattarkarrieren sin med diktsamlinga Once, og skreiv seinare romanar, med The Color Purple som den best kjende. Som aktivist deltok Walker i borgarrettsrørsla og talte for kvinner med mørk hudfarge gjennom termen «womanism». Ho har også vore engasjert i dyrevelferd og pasifisme. Ho har teke ei sterk stilling i høve til Israel-Palestina-konflikten, og støtta kampanjen for boikott, avinvestering og sanksjonar mot Israel.
Bakgrunn
Alice Malsenior Walker blei fødd i den landlege småbyen Eatonton i Georgia. Foreldra hennar var Willie Lee Walker og Minnie Tallulah Grant.[4][5] Begge foreldra til Walker var gardbrukarar med avlingsdeling, men mor hennar arbeidde òg som sydame for å få ekstra pengar. Walker var den yngste av åtte born. Ho blei registrert på skulen då ho var berre fire år gamal, på East Putnam Consolidated.[4][6]
Som åtteåring fekk Walker ei skade i høgre auge etter at ein av brørne hennar skaut henne med eit luftvåpen.[6] Ettersom familien hennar ikkje hadde tilgang til ein bil, kunne ikkje Walker få medisinsk hjelp med ein gong, og dette førte til at ho blei blind i dette auget. Det var etter at ho hadde fått skaden på auget at Walker byrja å lese og skriva.[4] Arrvevet blei fjerna då Walker var 14, men det blei att merke. Walker har skrive om opplevingane i essayet «Beauty: When the Other Dancer is the Self».[7][6]
Skulane i Eatonton var segregerte, og Walker blei elev ved den einaste vidaregåande skulen for afroamerikanarar, Butler Baker High School.[6] Der blei ho valedictorian (beste elev). Ho skreiv seg inn på Spelman College i 1961 etter at ho blei tildelt eit fullt stipend av staten Georgia for å ha dei høgaste akademiske prestasjonar i sitt årskull.[4] Ho fann gode mentorar her i to av professorane sine, Howard Zinn og Staughton Lynd, men begge begge blei flytta to år seinare.[6] Walker fekk eit anna stipend, denne gongen frå Sarah Lawrence College i Yonkers, New York, og etter at professoren hennar, Howard Zinn, blei sparka av Spelman, tok Walker imot tilbudet.[7] Walker blei gravid i starten av sisteåret sitt, og tok abort. Denne erfaringa, og ei rekkje sjølvmordstankar seinare, inspirerte mykje av poesien i Once, den fyrste diktsamlinga hennar.[7] Walker gjekk ut frå Sarah Lawrence College i 1965.[7]
Forfattarkarriere
Walker skreiv dikta som skulle bli den fyrste diktsamlinga hennar, Once, medan ho var student i Aust-Afrika og under sisteåret sitt på Sarah Lawrence College.[8] Walker skauv poesien sin under kontordøra til professoren og mentoren Muriel Rukeyser då ho var student på Sarah Lawrence. Rukeyser viste så dikta til litteraturagenten sin, og Once blei gjeven ut fire år seinare av Harcourt Brace Jovanovich.[9][7]
Etter å ha gått ut frå college arbeidde Walker ei kort tid for sosialavdelinga i New York City, før ho vende tilbake til Sørstatane. Ho byrja jobba for Legal Defense Fund i borgarrettsorganisasjonen National Association for the Advancement of Colored People i Jackson i Mississippi.[6] Walker var òg som konsulent i svart historie for Friends of the Children of Mississippi Head Start-programmet. Ho gjekk seinare tilbake til å skriva som residerande forfattar ved Jackson State University (1968-69) og Tougaloo College (1970-71). Ved sida av arbeidet sitt på Tougaloo College, gav Walker ut den fyrste romanen sin, The Third Life of Grange Copeland, i 1970. Romanen utforskar livet til Grange Copeland, ein valdeleg, uansvarleg avlingsdelgardbrukar, ektemann og far.
I 1973, før ho blei redaktør for Ms. Magazine, oppdaga Walker og litteraturforskaren Charlotte D. Hunt ei umerka grav dei trudde var den til Zora Neale Hurston i Ft. Pierce i Florida. Walker markerte grava med grå tusj med teksten ZORA NEALE HURSTON / A GENIUS OF THE SOUTH / NOVELIST FOLKLORIST / ANTHROPOLOGIST / 1901-1960.[11][12] Linja «a genius of the south» er frå diktet Georgia Dusk, av Jean Toomer, som står i boka hans Cane.[12] Hurston var fødd i 1891, ikkje i 1901.[13][14]
Walker skreiv artikkelen «In Search of Zora Neale Hurston», som stod på trykk i Ms. Magazine i 1975 og seinare fekk tittelen «Looking for Zora». Denne bidrog til å gjenoppretta interessa for arbeidet til denne afro-amerikanske skribenten og antropologen.[15][16]
I 1976 kom den andre romanen til Walker, Meridian, ut. Dette er ei roman om aktivistarbeidar i Sør-Korea, under borgarrettsrørsla, med hendingar som er parallelle til nokre av erfaringane til Walker. I 1982 gav ho ut det som er blitt det best kjende verket hennar, The Color Purple. Romanen fortel om livet til ei afroamerikansk jente og kvinne som ikkje berre må kjempa seg gjennom ein rasistisk kvit kultur, men også gjennom ein patriarkalsk svart kultur. Boka blei ein bestseller, og blei seinare filmatisert i 1985 i regi av Steven Spielberg, med Oprah Winfrey og Whoopi Goldberg i hovudrollene.
Walker har skrive fleire andre romanar, mellom anna The Temple of My Familiar (1989) og Possessing the Secret of Joy (1992), sistnemnde med fleire karakterar og etterkommarar av personar i The Color Purple). Ho har gjeve ut ei rekkje samlingar av noveller, poesi og andre skrifter. Arbeidet hennar har fokusert på kampane til svarte folk, særleg kvinner, og livet deira i eit rasistisk, sexistisk og valdeleg samfunn.[17][18][19][20][21]
I 2000 gav Walker ut ei samling kortfiksjon basert på livet hennar, The Way Forward Is With a Broken Heart, som tok for seg kjærleik og raserelasjonar. I denne boka fortel Walker om forholdet sitt med Melvyn Rosenman Leventhal, ein kvit borgarrettsadvokat som òg arbeidde i Mississippi.[22] Paret gifta seg 17. mars 1967 i New York City, sidan ekteskap mellom folk frå ulike «rasar» var ulovlege i Sørstatane på denne tida. Dei skilde seg i 1976.[7] Dei fekk ei dotter, Rebecca, saman i 1969.[6]Rebecca Walker er det einaste barnet til Alice Walker, og blei seinare også forfattar, redaktør, kunstnar og aktivist. Ho grunnla aktivistfondet Third Wave Foundation i lag med Shannon Liss-Riordan.[23][24][25] Gudmora hennar var Alice Walker sin mentor og medgrunnleggjaren av Ms. Magazine, Gloria Steinem.[23]
I 2007 gav Walker dokumentsamlinga si, som bestod av 122 boksar med manuskript og arkivmateriale, til Emory University sitt Manuscript, Archives, og Rare Book Library.[26] I tillegg til utkast til romanar som The Color Purple, upubliserte dikt og manuskript, og korrespondanse med redaktørar, inkluderer samlinga omfattande korrespondanse med familiemedlemmar, venner og kollegaar, tidleg behandling av manuset for The Color Purpur, pensum frå kurs ho underviste i, og fanpost. Samlinga inneheld òg eit poesialbum som Walker sette saman då ho var 15 år, med tittelen Poems of a Childhood Poetess.
I 2013 gav Alice Walker ut to nye bøker: The Cushion in the Road: Meditation and Wandering as the Whole World Awakens to Being in Harm's Way og diktsamlinga The World Will Follow Joy Turning Madness into Flowers (New Poems).
Aktivisme
Borgarrettar
Walker møtte Martin Luther King, Jr. då ho var student på Spelman College i byrjinga av 1960-talet. Ho har gjeve King æra for at ho bestemte seg for å venda tilbake til dei amerikanske Sørstatane som aktivist i borgarrettsrørsla. Ho deltok i March on Washington for Jobs and Freedom i 1963 i Washington med hundretusentals andre. Seinare arbeidde ho som frivillig for å registrera svarte veljarar i Georgia og Mississippi.[27][28]
Walker si eigne form for feminisme omfattar støtte for farga kvinner. I 1983 innførte Walker ordet «womanist» i boka In Search of Our Mothers' Gardens, med tydinga ‘ein svart feminist eller ein farga feminist’. Termen blei laga for å sameina farga kvinner og feministrørsla ved «overlappinga av rase-, klasse- og kjønnsundertrykking».[30] Walker har sagt at «'Womanism' gjev oss eit eige ord,»[31] fordi det er ein dialog om svarte kvinner og problema dei står overfor i samfunnet. Womanism som ei rørsle kom i hevd i 1985 ved American Academy of Religion og Society of Biblical Literature for å ta for seg interessene til svarte kvinner frå deira eigne intellektuelle, fysiske og åndelege perspektiv. "[30]
I januar 2009 var Walker ein av over femti underskrivarar av eit brev som protesterte mot Toronto International Film Festival sitt program City to City, som fokkuserte på israelske filmskaparar, og fordømde Israel som eit «apartheidregime».[33] To månader seinare reiste Walker og seks hundre andre kvinnelege aktivistar frå antikrigsgruppa Code Pink til Gaza som svar på Krigen i Gaza. Målet deira var å gje nødhjelp, møta ikkje-statlege organisasjonar og innbyggjarar og overtala Israel og Egypt til å opna grensene til Gaza. Ho planla å vitja Gaza igjen i desember 2009 for å delta i Gaza Freedom March, men denne kunne ikkje gjennomførastdå Egypt nekta deltakar å kryssa grensa deira til Gaza.[34] 23. juni 2011 kunngjorde Walker planar om å delta i ein hjelpeflotilla til Gaza som forsøkte å bryta den israelske marineblokaden.[35][36]
Pasifisme
Walker har støtta Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom i lengre tid. I byrjinga av 2015 skreiv ho: «Eg tenkjer på ei kvar rørsle for fred og rettferd som noko som handlar om å stabilisera den indre ånda vår slik at me kan gå vidare og ta ein visjon inn i verda som er mykje meir human enn den som er dominerande i dag.»[37]
Privatliv
I 1965 møtte Walker Melvyn Rosenman Leventhal, ein jødisk borgarrettsadvokat. Dei gifta seg 17. mars 1967 i New York. Seinare det året flytta paret til Jackson i Mississippi, og blei det fyrste lovleg gifta paret frå to «rasar» i Mississippi sidan loven mot raseblanding var innført i delstaten.[38][39] Paret fekk ei dotter, Rebecca, i 1969. Dei skilde lag i 1976.[40]
På slutten av 1970-talet flytta Walker til Nord-California. I 1984 grunnla ho og forfattaren Robert L. Allen det feministiske forlaget Wild Tree Press i Anderson Valley i California.[41] Walker la namna «Tallulah Kate» til det offiselle namnet sitt i 1994 for å heidra mor si, Minnie Tallulah Grant, og farmora Tallulah.[6] Bestemor til Minnie Tallulah Grant, Tallulah, var cherokee.[4]
Prisar og heiderstilvisingar
MacDowell Colony Fellowship (1967 og 1974)
Ingram Merrill Foundation Fellowship (1967)
Candace Award, Arts and Letters, National Coalition of 100 Black Women (1982)[42]
Pulitzer Prize for Fiction (1983) for The Color Purple[43]
National Book Award for Fiction (1983) for The Color Purple
Good Night, Willie Lee, I'll See You in the Morning (1979)
Horses Make a Landscape Look More Beautiful (1985)
Her Blue Body Everything We Know: Earthling Poems (1991)
Absolute Trust in the Goodness of the Earth (2003)
A Poem Traveled Down My Arm: Poems And Drawings (2003)
Collected Poems (2005)
Hard Times Require Furious Dancing: New Poems (2010)
The World Will Follow Joy (2013)
Taking the Arrow Out of the Heart (2018)
Sakprosa
In Search of Our Mothers' Gardens: Womanist Prose (1983)
Living by the Word: Selected Writings, 1973–1987 (1988)
Warrior Marks: Female Genital Mutilation and the Sexual Blinding of Women (med Pratibha Parmar, 1993)
The Same River Twice: Honoring the Difficult (1996)
Anything We Love Can Be Saved: A Writer's Activism (1997)
Sent By Earth: A Message from the Grandmother Spirit, After the Bombing of the World Trade Center and Pentagon (2001)
We Are the Ones We Have Been Waiting For: Inner Light in a Time of Darkness (2006)
Pema Chödrön and Alice Walker in Conversation: On the Meaning of Suffering and the Mystery of Joy (2005)
Overcoming Speechlessness: A Poet Encounters the Horror in Rwanda, Eastern Congo, and Palestine/Israel (2010)
The Chicken Chronicles: Sitting with the Angels Who Have Returned with My Memories: Glorious, Rufus, Gertrude Stein, Splendor, Hortensia, Agnes of God, the Gladyses, & Babe, A Memoir (2011)
The Cushion in the Road: Meditation and Wandering as the Whole World Awakens to Being in Harm’s Way (2013)
Essay
«Beauty: When the Other Dancer is the Self» (1983)
↑ 30,030,1Deeper shades of purple : womanism in religion and society. Floyd-Thomas, Stacey M., 1969–. New York: New York University Press. 2006. ISBN978-0814727522. OCLC64688636.