March on Washington for Jobs and Freedom, 'Marsjen til Washington for arbeid og fridom', eller berre March on Washington var ein demonstrasjon som fann stad i Washington, D.C. i USA den 28. august 1963. Han er rekna som eit høgdepunkt under den amerikanske borgarrettsrørsla. Martin Luther King heldt den kjende talen sin «I Have a Dream», mot rasediskriminering og segregasjon,[1] framfor Lincolnmonumentet ved dette høvet. Demonstrasjonen samla meir enn 200 000 deltakarar.