Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Alex Stepney

Alex Stepney
Fødd 18. september 1942
Fødestad London

Alexander Cyril Stepney (fødd 18. september 1942) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå London. Han var målvakt i Manchester United i over ti år og vart ligameister 1967, vinnar av europacupen i 1968 og FA-cupen 1977 med Manchester-klubben.

Klubbspel

Stepney vakta målet til 2. divisjonsklubben Millwall FC frå 1963 til -66. I mai 1966 vart han overført til Chelsea FC, men allereie tre månader seinare overført til Manchester United, ein klubb han tente dei neste tolv åra. I sin fyrste sesong som burvaktar for United var han med å vinne den engelske ligaen. Året etter stod Manchester United for ei historisk bragd då laget vart det fyrste engelske som gjekk til topps i europacupen, då Benfica vart slått 4-1 på Wembley stadion i heimbyen til Stepney. Både i 1976 og 1977 var Stepney sisteskansen til United i FA-cupfinale, den fyrste enda med eit overraskande tap for Southampton, den andre med triumf mot Liverpool FC.

Landslagsspel

Ei veke før europacupfinalen i 1968 stod Stepney i mål for England mot Sverige i ein vennskapslandskamp på Wembley stadion. Hans einaste opptreden i landslagdrakta enda med siger 2-0.

Merittar

  • Vinnar av Europacupen: 1968 med Manchester United
  • Engelsk ligameister: 1967 med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen: 1977 med Manchester United
  • Finalist i FA-cupen: 1976 med Manchester United

Kjelder

Kembali kehalaman sebelumnya