Al-Sisiniyah (arabisk السيسنية, òg skrive Sisnyeh) er ein by nordvest i Syria i Tartus guvernement, søraust for Tartus. Av stader i nærleiken finn ein Safita i nord, al-Bariqiyah i nordaust, Habnamrah og Marmarita i aust, al-Zarah i søraust, al-Tulay'i i sørvest, Buwaydet al-Suwayqat i vest og Beit al-Shaykh Yunes i nordvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Sisiniyah eit folketal på 2 667 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Sisiniyah nahiyah («underdistrikt») som består av 19 stader med eit samla folketal på 22 018 i 2004.[1] Innbyggjarane i byen er hovudsakleg alawittar og kristne, og begge desse samfunna har sin eigen mukhtar («landsbyleiar»).[2]
Kjelder