Byen har vore busett sidan fønikisk tid, og fleire arkeologiske funn er gjort frå fønikiske og kanaanittiske busetnader. I 1102 tok Raymond IV av Toulouse kontroll over landet til Banu Ammars-emirane frå Tripoli. Ei fire år lang kringsetjing av Tripoli førte til full kontroll over byen og landområdet kring, inkludert Safita. Mamelukk-sultanenBaibars erobra borga i 1271.