Historikarar miner at namnet Ain-Ebel kjem frå dei to orda Ain og Ibl. Det første tyder «kjelde» og mange namn i Libanon har dette, medan det ordet tyder «irrigasjon».[1]
Historie
Ain Ebel er ein historisk landsby med mange arkeologiske funn datert til antikken og før. Det vart gjort funn frå Qaraoun-kulturen frå yngre steinalder like vest for Ain Ebel med mange flintreiskap.[2]
I juli 2006 hamna Ain Ebel i krysselden mellom Hizbollah og den israleske hæren.[3] Fleire hus i landsbyen vart då øydelagd.