Agitation Free
Agitation Free var eit tysk eksperimentelt krautrockband starta i 1967 av Michael «Fame» Günther (bassgitar), Lutz «Lüül» Ulbrich (gitar), Lutz Ludwig Kramer (gitar) og Christopher Franke (trommer). Dei heitte først berre Agitation, eit namn dei valde tilfeldig frå ei ordbok. Bandet måtte endra namn då det viste seg det alt var eit band som hadde dette namnet. Agitation Free vart vald fordi det på ein plakat for ein gratiskonsert dei skulle spele hadde stått «Agitation Free». Etter å ha mista gitarist Axel Genrich til Guru Guru i 1970 og trommeslagar Franke til Tangerine Dream i 1971, henta bandet inn Jörg «Joshi» Schwenke (gitar), Burghard Rausch (trommer) og Michael Hoenig (klaverinstrument). Dei gav ut det første albumet sitt, Malesch, i 1972 på Music Factory. Seinare det året spelte dei under sommar-OL 1972 i München. Eit nytt album kom ut i 1973, 2nd, og gitarist Schwenke vart erstatta først av Stefan Diez, så Gustl Lutjens. Bandet vart oppløyst i 1974. Agitation Free kom saman att i 1998 og gav ut River Of Return i 1999. Dei spelte igjen i 2007, med besetninga frå 1974, for ei rekkje konsertar i Tokyo. I 2008 vart heile katalogen deira gjeve ut på nymastra CDar og i 2011 gav dei ut Shibuya Nights, med opptak frå Tokyo-konsertane. Noverande medlemmar
Tidlegare medlemmar
Diskografi
Kjelder
Bakgrunnsstoff |