Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Adolph Altmann

Traktoren til Altman frå 1894.

Adolph Altmann var ein tyskar som i 1894 konstruerte ein traktor i Berlin. Dette var truleg den fyrste tyske traktoren som hadde stempelmotorar med innvendig forbrenning. Altmann produserte frå før lokomobilar, noko traktoren bar tydeleg preg av. Motoren var ein 1-sylindra forgassarmotor på 18 hk, med fordampingsavkjøling. Han hadde ikkje differensial, så for å svinga var det naudsynt å kopla frå drifta til det eine drivhjulet. Føraren hadde svært god utsikt framover, men attover var ho ikkje fult så god. Det er vel tvilsamt om denne traktoren var nyttig for landbruksføremål. Ordet «traktor» eksisterte ikke på tysk på denne tida og Altmann nytta den franske nemninga «tracteur». Traktoren vart produsert frå 1894 til 1896, men det er ikkje kjent kor mange som vart produsert.

Kembali kehalaman sebelumnya