Adam er hebraisk og tyder menneske eller mann. Han var det første mennesket, og dermed, etter skapingssoga, alle menneske. I 1. mosebok 2.4 er det fortalt at Gud « skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.» Seinare skapte Gud Eva av Adam sitt ribbein. Adam vart sett til å passa og dyrka Edens hage, men vart driven ut etter syndefallet.
Den gamle Adam er eit uttrykk Martin Luther brukte om det syndige mennesket.