Skipet vart senka på veg inn i Oslofjorden om morgonen 9. april1940 ved Oscarsborg festning, av to torpedoar frå Nordre Kaholmen. Meir kjent er skota frå 28 cm-kanonane Moses og Aron, men ingen av desse var fatale for «Blücher». Av mannskapet på 1308 menn omkom om lag 1000 i det kalde vatnet. Senkinga av «Blücher» sette seinka det tyske okkupasjonsforsøket. Resten av eskadren trudde sundet var minelagt (grunna torpedotreffa), og gjekk ikkje lenger inn fjorden. Senkinga gav norske styresmakter med kong Haakon VII i spissen tid til å flykta. Planen var at dei tyske skipa skulle koma inn til Oslo grytidleg på morgonen og ta den norske hovudstaden.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2023