Frode Grytten (født 1960)[2] er en norsk forfatter og journalist. Han skriver hovedsakelig på nynorsk.
Han ble født 11. desember 1960 i Bergen[2] og vokste opp i Odda i Hardanger.[2] Han tar i sine bøker ofte utgangspunkt i miljøet i Odda. Senere studerte han i Bergen, og har siden bodd der. En tid var han journalist i Bergens Tidende, men har etter hvert blitt forfatter på heltid.[3]
Årets bok, som er eit høgdepunkt i forfattaren sitt verk, inneheld ti vakre, melankolske, stille, kloke, minneverdige noveller. Dette er ei bok som syng dei gamle songane om kjærleik, i møte mellom menneske som kjenner kvarandre, elskar kvarandre, som trur dei kjenner og elskar kvarandre, eller som elskar i von og blinde.
Dei ti novellene er skrive til ti bilete av den kjende amerikanske målaren Edward Hopper, og med same tittel som måleria. Det har vore eit lukkeleg møte mellom det konkrete motivet og det store rommet for meddikting i bileta. Edward Hopper [...] var ein overraskande, men likevel naturleg resonnansbotn for denne forfattaren som i sitt arbeide til no har veksla mellom moderne heimstaddikting, moderne lygesoger og moderne kjærleikssoger. På same måte som Hopper skildrar forfattaren rom der folk finn kvarandre, eller går under, øydelegg kvarandre (eller seg sjølv), eller elskar med stille kraft. Han skriv soger om kjærleik med arr og skuggar, og soger der sjølv lykka har strimer av vemod.
Novellene har ein dyster melankoli til felles med tidlegare noveller av forfattaren [...].