Kart over Øvre Schlesien 1746
Øvre Schlesien (tsjekkisk Horní Slezsko ; tysk Oberschlesien ; tysk schlesisk Oberschläsing , latinsk Silesia Superior ; polsk Górny Śląsk ; polsk schlesisk Gōrny Ślōnsk ) er den søraustlege delen av den historiske og geografiske regionen Schlesien . Nedre Schlesien ligg i nordvest. Gjennom historia har Øvre Schlesien vore underlagt Polen , og vore ein del av Det tysk-romerske riket gjennom Böhmen , Austerrike , Preussen og seinare ein del av Det tyske keisardømet . I dag er regionen delt mellom Polen (Opole og Schlesiske voivodskap ) og Tsjekkia (Tsjekkiske Schlesien eller regionen Mähren-Schlesien ).
Øvre Schlesien ligg i Det schlesiske høglandet mellom øvre Oder og øvre Wisła . I Øvre Schlesien industriområde bur det om lag 3,5 millionar innbyggjarar.
Opole Schlesien , Cieszyn Schlesien og Austerriksk Schlesien er historiske delar av Øvre Schlesien. Opole Schlesien dannar i dag det meste av Opole-voivodskapet .
Kjelder
Bakgrunnsstoff