Østre Aker prosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner Groruddalen, det vil seie bydelane Alna, Bjerke, Grorud og Stovner nordaust i Oslo. Prosten har sete på Grorud.
Historie
Prostiet vart oppretta som Østre Aker prosti i 1972 og bestod ved skipinga av prestegjelda Nordstrand, Bekkelaget, Manglerud, Lambertseter, Oppsal, Østre Aker, Bøler, Tveten (seinare kalla Haugerud), Høybråten, Stovner og Fossum.[1] Frå 1984 bestod prostiet av prestegjelda Østre Aker, Bredtvedt, Grorud, Rødtvet, Stovner, Fossum, Høybråten, Furuset, Haugerud og Oppsal.[1] Då hadde Nordstrand, Bekkelaget, Manglerud, Lambertseter og Bøler vortne overførte til det nyoppretta Søndre Aker prosti.
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Oslo kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Prestetenesta var tidlegare organisert lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Østre Aker prosti desse prestegjelda: