Inne i kyrkja er det orgelgalleri ved inngangen, og koret er apsidalt avslutta. Altartavla har eit bilete av oppstoda måla av Erling Hodne i 1969.
Kyrkjebygget vart avløyst av ei ny kyrkje i 2015, og vart etterkvart leigd ut til ein serbisk-ortodoks kyrkjelyd.
Historie
Etterkvart som folketalet på Ålgård voks på 1870–talet, såg ein trongen for ei eiga kyrkje på staden. I 1910 sette leiinga i De Forenede Ullvarefabrikker (DFU) av pengar til eit kyrkjefond. I tillegg gav gjesdalbuar bidrag til fondet.[1]
Arbeidsgruppa for kyrkja kom saman i 1913, og bad arkitekt Ole Stein i Kristiania om eit forslag og prisantyding for kyrkjebygg. Teikningane og prisoverslaget vart godkjende av Gjesdal heradstyre og kongen i statsråde, og grunnsteinen vart lagt ned 20. mars 1916 av kallskapellan T.B. Ekeland.[1] Kyrkja vart vigsla 11. mai 1917.[1]
Kyrkja er bygd i tre. Stilen er typisk for kyrkjene til arkitekt Ole Stein. Innvendig er ho kledd med ståande, måla panel.[1]
Kyrkja hadde elektrisk lys frå byrjinga, men vart oppvarma av to store omnar med kvar sin skorstein. Det vart innført elektrisk oppvarming i 1946, og omnane og skorsteinane vart rivne i 1960.[1] Samstundes vart dei opphavleg fem vindauga i koret bak alteret tetta.[1]
Kyrkja fekk altertavle måla av Erling Hodne i 1969.[1]
Kyrkjebygget vart avløyst av ei ny kyrkje i 2015, og i fleire år gjekk det ein diskusjon om kva som skulle skje med den gamle bygningen. Ho vart etterkvart leigd ut til ein serbisk-ortodoks kyrkjelyd.[2][3]