Zvenigovo (russisk Звени́гово) er ein by i Republikken Mari El i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg på venstre breidda (nordsida) av elva Volga, rundt 75 km sør for Josjkar-Ola.
Busetnaden vart grunnlagd i 1860. I 1927 fekk han status som urbanliknande busetnad. Han fekk bystatus i 1974.