Zuzana Čaputová[a] (fødd 21. juni1973 som Strapáková) er ein slovakisk jurist og politikar. Ho var president i Slovakia frå 15. juni 2019 til 15. juni 2024. Ho har vore miljøaktivist i mange år, og har tidlegare vore advokat. Čaputová stilte til val for det liberale partiet Progresívne Slovensko, og fekk 58,4 % av røystene i presidentvalet. Čaputová var den fyrste kvinna til å verta vald til embetetet, og som 45-åring den yngste slovakiske presidenten nokon gong.[1]
Frå 1998 yrkte Čaputová som prosjektleiar og med utvikling av lokalsamfunn.[2] I 2001 byrja ho å yrkja for Via Iuris, ein organisasjon som gjev juridisk bistand for å hjelpa folk med å forsvara rettane sine og taka del i offentlege avgjerder.
I 2017 forlét ho Via Iuris for å yrkja vidare som advokat med særleg tanke på miljøsaker. Čaputová er med i nettverket Environmental Law Alliance Worldwide (ELAW).[2]
Politikar
Čaputová har arbeidd for å få oppheva amnestia Vladimír Mečiar innvilga då han var president i 1990-åra.[2] Ho har markert seg som miljøforkjempar, fyrst og fremst ved motstand mot ei søppelfylling i Pezinok.[3] For denne innsatsen vart ho i 2016 tildelt Goldman Environmental Prize.[4]
I 2018 tok ho del i det fyrste landsmøtet i det nystifta liberale partiet Progresívne Slovensko. Ho vart vald som ein av fleire nestleiarar.[5] Čaputová nemnde i samband med dette utdanning og helsevesen som hovudsakene sine, men også miljøvern og justispolitikk. I tillegg er kampen mot korrupsjon ei viktig sak for henne.[6]
I 2019 stilte ho som kandidat i presidentvalet. Čaputová fekk 40,5 % av røystene i fyrste valomgang, mot rivalen Maroš Šefčovič med sine 18,7 %. Dei to gjekk vidare til andre og avgjerande valomgang 30. mars.[7] Čaputová sitt kandidatur fekk støtte frå avtroppande president Andrej Kiska.[3] Ho vann omsider andre valomgang med 58,4 % av røystene.[8]
Čaputová tiltredde som president 15. juni 2019.[9] Ho var den fyrste kvinnelege og yngste presidenten nokon gong i Slovakia.