Zola Mae Taylor (17. mars 1938–30. april 2007) var ein USA-amerikansk songar. Ho var det originale kvinnlege medlemmet i The Platters frå 1954 til 1962, då gruppa fekk dei største hittane sine.
Zola Taylor var medlem av The Platters fram til 1962, då ho vart erstatta av songaren Barbara Randolph. Taylor var den andre av dei tre ektemakene til Frankie Lymon. Taylor var med The Platters i den første rock'n'roll-filmen, Rock Around the Clock.[1] I 1990 vart Taylor innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Platters. Zola Taylor døydde i Riverside i California 69 år gammal av lungebetennesle, etter ei rekkje hjerneslag.[2] Zola Taylor vart spelt av Halle Berry i filmen Why Do Fools Fall in Love i 1998.