Zjambyl (kasakhisk Жамбыл облысы) er eit oblast i Kasakhstan. Hovudstaden er Taraz (tidlegare namn Zjambyl). Oblastet har om lag ein million innbyggjarar.
Det grensar til Kirgisistan, og ligg nær Usbekistan. Zjambyl grensar òg til dei kasakhstanske oblasta Karagandy oblast, Sør-Kasakhstan oblast og Almaty oblast. Zjambyl oblast har eit areal på 144 200 km². Oblastet grensar til Balkhasjsjøen i nordaust. Både oblastet og hovudstaden her under Sovjetunionen vart kalla opp etter den kasakhstanske akynen (folkesonagaren) Zjambyl Zjabajev.