Zinalrothorn er eit 4 221 m høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits, i kantonen Valais. Landsbyen Zinal ligg i dalen på nordsida av fjellet. Rothorn er tysk for raudhorn. Midt på 1800-talet kalla bygdefolket fjellet for Moming.
Geografi
Zinalrothorn er ein av dei høge fjelltoppane som skil dalen Mattertal i aust frå Val d'Anniviers (meir presist Val de Zinal) i vest. Toppen av Weisshorn (4 505 m) ligg 5 km lenger nord og Dent Blanche 7 km i vestleg retning. Ved foten av fjellet i vest ligg den store Zinalbreen og på nordsida Momingbreen. L'Epaule (skuldra) er ein mindre topp som ligg opp for foten av nordegga.
Landsbyane Täsch og Zermatt ligg nærast fjellet, Zinal i nordvest ligg litt lenger unna (9 km).
Klatresoge
Fyrste oppstiginga til toppen fann stad 22. august1864 og gjekk via nordegga. Britane Leslie Stephen og Florence Grove gjekk då i fylgje med fjellførarane Jakob Anderegg og Melchior Anderegg. Dei la ut frå Zinal i 1-tida om natta og steig opp Zinalgletscher. Dei nådde fjellaksla mellom egga og grannetoppen Blanc de Moming ved foten av nordegga kring klokka 9 på føremiddagen. Traverseringa av toppegga tok to timar. Stephen skreiv seinare at det var den fælaste klatringa han nokon gong hadde gjeve seg ut på.