Andenmatten hadde ry for å vere ein påliteleg fjellførar og samstundes rimeleg å leige. Han var kjend for å nytte seg av ei uvanleg stor isøks på fjellferdene sine. Dei britiske fjellklivarane Martin Conway og Leslie Stephen var mellom dei som nytta seg av tenestene hans. Han døydde etter å ha vorte forkjøla under ein tur mellom Saas og Zermatt.
Fyrstebestigingar
Strahlhorn - 5. august 1854, samam med Christopher Smyth, Ulrich Lauener og Edmund J. Grenville